Vi har ledig vikariat som linjelærar på idrett skuleåret 2016/17!

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal med ca. 80 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.

70 % årsvikariet idrett for skuleåret 2016/17:
Vi søkjer etter ein vikarlærar på linja «Idrett». Vi ynskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring innan idrettsfag. Linja dekker forskjellige idrettsgreiner, vi er difor ute etter en allsidig idrettslærer.

Vi søkjer etter ein engasjert person som brenn for fagfeltet sitt, er fleksibel og god på samarbeid. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit minnerikt år på Sogndal folkehøgskule.

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillinga; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist onsdag 13. juli 2016.

Previous
Previous

Mitt folkehøgskoleår har forandret livet mitt!

Next
Next

Hvorfor gå på folkehøgskole?