Urbant, midt i naturen.
Det er få stader i verda som kan måle seg med den unike naturen i Sogn. Den majestetiske Sognefjorden brer seg frå kysten og innover i landet. Innst i fjorden reiser tindane i Hurrungane og vest-Jotunheimen seg. Mot nord ligg Jostedalsbreen og isen som gjennom tusen av år har forma landskapet.
Ein stad du vil trivast
I hjartet av det heile ligg Sogndal. Om du er på jakt etter vakre fotomotiv, den djupaste puddersnøen, eller berre vil oppleve noko nytt, så veit me at du vil stortrivast her. Me har Norges største utandørs klatrefelt og innandørs klatrevegg og eit fotballag me er veldig stolte av - Stao no pao!
Skulle du få overdose av frisk luft og fysisk fostring er det berre tre minutt gange til eit kjøpesenter med 60 butikkar, kino-og teatersal og fleire serveringsstader. Dette er ein plass for alle.
Ei student- og ungdomsbygd
Sogndal er ikkje som andre vestlandsbygder. I tillegg til dei 7 500 fastbuande er det heile 3 000 studentar og skulelevar her!
På studenthuset Meieriet finn du kafé, konsertarena og utestad. Lista over artistar som tek turen innom Sogndal i løpet av året er imponerande.
Aktiv fritid - frå fjord til fjell
Spektakulære fjell og fjordarmar omgir oss på alle kantar. Berre 15 minutt køyring og du er ved inngangen til ei rekkje alpine fjellområde.
Her finn du som regel snø frå desember til langt ut på sommaren! Ein times køyring tek deg til Sognefjellet eller Jostedalsbreen. To skisenter ligg ca. 15 minutt med bil frå skulen. Fjellsportfestivalen i Sogndal har fått mange til å oppdage dei unike fjella i Sogndalsområdet.
Rundt oss finn du også moglegheiter for kajakkpadling og spektakulære oppstigningar i fjordlandskapet.
Bur du i Sogndal eit år treng du ikkje lure på kva du skal bruke fritida di på.