Valfag
Valfaga kan variere frå år til år - avhengig av elevane sine interesser og våre lærarressursar.
Me har buldring valfag både utandørs og innandørs. Det er både for dei som har buldra og klatra ein del og for nybegynnarar. Valfaget blir tilpassa etter nivå.
På dette valfaget får du moglegheit til å lage dine eigne ski! Me har eigen sløydsal og lærar som er “skimaker”. Du får god opplæring og sit att med dine eigne ski etter valfaget! Det ryktast at desse er digge å køyre pudder i!
Sy di heilt unike snekkarbukse! Lag deg ei kvardagsbukse av denimstoff, eller sy deg snekkarbukse i gull og kle deg for fest! Du bestemmer!
Nokon av dei flottaste terrengsykkelstiane i landet har me i Sogndal og i nabobygda Kaupanger.
I dette valfaget lære du terrengsykling - på nivået som passar deg!
Lær deg å strikke selbuvott. Uavhengig av om du har strikka før eller er ikkje, får du til å strikke eit par med vottar. Dette kan vere ei ypparleg julegåve!
Med Pudderklar blir du rett og slett for puddersesongen på ski! Me fokuserer på å bli i god fysisk form, med mykje trappeløp og barmarkstrening.
Bli god på lage kaffi! Me har vår eiga kaffimaskin og kvern og lærer deg prosessen frå kverning av bønner, til å nyte din ein cappuccino. Me besøkjer Sognefjord Kaffebrenneri, som ligg i gåavstand frå skulen. Her vil me lære oss meir om brenning av kaffibønner.
Me brygger vårt eige øl på malt som me lagar sjølve, og flaskar det. Du får dere med og brygge fleire forskjellige ølsortar og blir kjent med litt av vår historie og tradisjon knytta til øl.
Her lærar du å sy di eiga jakke av ullpledd! Du bestemmar sjølv korleis jakka di skal bli, kanskje vil du ha hette og belte på jakka? Eller utan hette og glidlås? Alle får kjempefine jakkar dei kan bruke på vinteren!
Her låner, leiger eller bruker du dine eigne topptur ski (randonee) til å lære om sikre vegval. Ikkje minst til og å oppleve nokre flotte toppar i nærleiken av skulen. Dette faget gir deg eit godt grunnlag for å dra på eigne toppturar viss du er ny i gamet.
Målet med dette valfaget er å ha det moro i snøen, bli betre til å renne/hoppe på ski, byggje hus i snø, lære og leike samstundes. Snø kan brukast til mye!
Å kunne handle rett i ein stressande situasjon er ingen sjølvfølge. Førstehjelp gjer deg i betre stand til å hjelpe sjuke eller skada menneske i alvorlege situasjonar. Faget er delt i praktiske og teoretiske økter.
Å spele gitar er noko dei fleste bør ha med seg frå eit år på folkehøgskule. Du kan byrje på valfaget med null i kunnskap, og ende med gitarevner nok til å vera kveldens midtpunkt. Du lærer ma. besifringsspel, akkordar, fingerspel og å ta vare på instrumentet. Det er ein fordel å ha eigen gitar.
Målet for faget er å utvikle tekniske og taktiske ferdigheiter samt kunnskap rundt teknisk trening og spel i ulike former. Jobbing med ulike typar serve, smash, legg og blokk, samt alle grunnslaga.
Klatrekurs for nybyrjarar. Me brukar innandørsveggen "The Wall" i Sognahallen, buldrevegg og/eller klatrefeltet 10 min sykkeltur frå skulen. Du lærer korleis du skal sikre andre, klatre-grunnteknikker og generell sikkerheit. Du vil få Brattkort i dette valfaet.
I valfag longboard får du designe ditt eget, personlege toppkvalitetsbrett til asfaltsurfing - eit genialt framkomstmiddel som attpåtil er moro å bruke!
Lær meir om grafitti og sjablongtrykk på lerret, vegger eller t-skjorter. Ved bruk av foto og photoshop, sprayboksar og anna taggeutstyr. Og fantasien, sjølvsagt.
Me padlar i tre dagar på Sognefjorden og overnatter ute. Du lærer om grunnleggjande kajakkteknikk og redning, og får oppleve spektakulært og vill natur på ferda.
Me tar like godt ein roadtrip gjennom gamle Sogn og Fjordane. Bilturen startar på tunet til skulen og endar heilt uti havgapet. Der bur me i eit stort, gamalt vestlandshus i nokre dagar og me skal både få prøve fiskelykka og sette krabbetein. Nokre overkommelege fotturar for å oppleve vestlandets vakre kystnatur blir det og.
I hybelkokken lærar du å lage god mat til rimeleg pris! Dette er valfaget som gjer deg i stand til å kome igjennom studietida utan å bruke opp stipendet på nærmaste fastfood restaurant!
Har du lyst å oppleve gleda ved å spele saman med andre? Her kan du starte opp og spele i band. Saman med resten av bandet skal du være med å skape eit uttrykk og velje korleis du vil spele musikken. Valfaget avsluttast med open scene der elevane har ansvar for å arrangere konsert for medelevar.
I valfaget maling vel du eit motiv du ynskjer å male. Det kan vere landskap, portrett, abstrakt, ja det du ynskjer! Du malar så mange du klarar på tre dager!
Innføring i alpint, telemark eller fjellski med svingteknikk og laussnøkøyring. Me deler i grupper og du får instruksjon, utfordringar og tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva som kan bli betre. Det kreves ingen ferdigheitar på førehand. Du treng skiutstyr, eigna tøy og hjelm – som er påbudt. Undervisninga føregår i Sogndal skisenter.
Lag din egen kniv. Velg mellom ulike tresortar til skaftet og design det til å passe perfekt til nettopp di hånd. Du lærer å sy slire som du kan prege med initialer eller dekorere med ornament.
Me går eitt skritt vidare med matlaging og ser på fleire moderne kokekunstar. Her får du lage steinaldermat, “raw food” og lære om fermentering!
Årbok-gjengen skriv, utformar og set saman årboka for folkehøgskulen. Du lærer enkel biletredigering, artikkelskriving og korrekturlesing, sideutformingsprogram, godt hjelpt av store mengdar kaffi.
Yoga kombinerer smidigheit, styrke og balanse. Du blir undervist i ulike yogaretningar, som Vinyasa-, hatha- og yinyoga. I all yoga er pusten viktig for å få ro på kropp og tanker. Me jobbar difor med ulike pusteteknikkar. Mot slutten senkar me tempoet og slutter av med avspenning og meditasjon! Du treng ikkje å ha prøvd Yoga før.
Ballspel: Tradisjonelle ballspel; innebandy, fotball, basket og volley. Mest spel, men også taktikk og noe teknikk.
Å ta ut det første, ferske trykket frå pressa er litt som å opna ein julepakke. Du blir garantert overrasket over resultatet; over kva du kan få til med litt enkel teknikkopplæring, og di eiga kreativitet.