Om skulen
Sogndal folkehøgskule ligg mellom fjord og fjell - berre eit steinkast frå skieldoradoet i Sogndalsdalen. Skulen ligg rundt 200 meter frå Sogndal sentrum.
På Sogndal folkehøgskule er det høg standard på alle rom. Me har tre internat på skulen, der det største internatet, Hageinternatet, har plass til 56 personar. Desse romma er modernisert. Ein bur på avdelingar med 3 doble og 1 enkeltrom og har tilgjengeleg 1 bad, 2 toalett og 2 dusjar i fellesarealet. Romma på dette interntatet betaler ein ikkje noko ekstra for. Elles har desse romma eigen vask på kvart rom, og eit lite bord samt ein stol.
Fjellinternatet er internat nr 2 og her er det plass til 24 personar. Det består av 10 doble og 4 enkeltrom, alle med eige bad. Desse betaler ein eit årleg tillegg for. Alle romma her er utstyrt med sovesofa og bokhylle, i tillegg til eit lite bord.
Jotunheimen er det siste internatet og her er det 12 elevar som skal bu, så dette blir som ei avdeling. Desse romma har eige bad på kvart rom samt eit lite bord og ein stol. På denne avdelinga er det eit eige felleskjøkken med sofakrok.
Sjølv om dei fleste vil bu med romkamerat, er det mogleg å be om eit enkeltrom dersom du har spesieltbehov for det. Du får mykje bodplass til trygg oppbevaring av sykkel, ski, utstyr og alt du treng til eit folkehøgskuleår!
Ute i skulen sin eplehage finst badestamp og uteamfi til grilling og utesamlingar, sandvolleyballbane og fotballbane med flaumlys. Skulen har naust med brygge ved fjorden. Her kan du leggje ut på kanotur eller ta eit bad i friskt fjordvatn, året rundt!