Vi har ledige lærarstillingar, idrett og friluftsliv frå 01.08 2019
Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 100 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Friluftsliv Noreg, Ski og sykkel, Ski og klatring, Fotoreise, og Idrett. Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig
Lærer idrettsfag 80-100 % fast stilling
Vi søkjer etter ein lærar på linja «Idrett». Vi ynskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring innan idrettsfag. Linja dekker forskjellige idrettsgreiner, vi er difor ute etter en allsidig idrettslærar.
Vi søkjer etter ein engasjert person som brenn for fagfeltet sitt, er fleksibel og god på samarbeid. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit minnerikt år på Sogndal folkehøgskule.
Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillinga; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.
Send søknaden med CV til: Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist torsdag 25. april 2019.
Lærar friluftsliv 80-100 % midlertidig stilling
Vi har ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv» for skuleåret 2019-20. Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.
Vi søkjer etter engasjerte personar som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.
Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.
Send søknaden med CV til:
Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist torsdag 25. april 2019.