Velkommen til avslutning 10. Mai
Bilete frå fellestur til Tylderingen.
Til foreldre/føresette!
Me avsluttar skuleåret 2024-25 på Sogndal folkehøgskule laurdag 10. mai. Me ynskjer dykk velkomne hit og håpar at so mange som mogleg har høve til å vere tilstades. Rammen for programmet for avslutningsdagen ser slik ut.
Laurdag 10. mai:
Kl. 08:30 - 09:30 Frukost for elevane og tilsette i matsalen
Kl. 11:00 Fellesbilete for kullet - framfor hyggebygget (grasbakken)
Kl. 11:30 Avslutningsprogram i gymnastikksal - Foreldre/familie er velkomne!
Kl. 13:00 Vitnemålsutdeling i eplehagen
Kl. 14:00 Avreise
Gjennom dagen blir det høve for foreldre til å få seg kaffe/te og noko attåt.
I år har me nokre rom ledig og kan tilby overnatting på skulen. Det blir førstemann til mølla.
For booking av våre rom, følg denne linken.
Dobbeltrom med frukost: 784,- per natt
Enkeltrom med frukost: 504,- per natt
I Sogndal ellers er det fleire overnattings moglegheitar.
Her er nokre:
Quality hotel Sogndal
Best Western Lægreid Hotell
Hofslund Fjord Hotell
Kjørnes Camping og Fjordhytter
Sogndal Fjordpanorma
Sjekk elles denne sida her for å finne fleire overnattingsplassar.
Hjarteleg velkomne!
Med beste helsing
Ole Karsten Birkeland
Rektor