Stipendiat 2021-2022
Stipendiatplassar for skuleåret 2021-2022.
Sogndal folkehøgskule ønskjer søkjarar til stipendiatplassar for komande skuleår.
Å vere stipendiat er for deg som har gjennomført eit år på folkehøgskule og som ønskjer eit andre år der du får utfordra deg sjølv i nye læringssituasjonar. Det gjeld både som medhjelpar i undervisningssamanheng og som miljøskapar.
Vi ønskjer søkjarar som kan delta i undervisning på linjene, i fellesfag, valfag og som i tillegg er motiverte for å bidra til eit aktivt og utviklande miljø på skulen.
Skulen har følgjande linjer: Fotoreise, Friluftsliv, Friluftsliv Noreg, Ski og Klatring, Ski og Sykkel og Idrett. Sjå www.sogndal.fhs.no
I søknaden ber vi deg skrive utfyllande om deg sjølv, dei faglege kvalifikasjonane og erfaringane dine og kvifor du ønskjer å vere stipendiat.
Dei som er aktuelle vert kontakta for ei samtale.
Som stipendiat har du rett til stipend og lån i Lånekassa.
Ta kontakt med skulen for ein prat om du er interessert.
Tlf. 57 62 75 75.
Søknad sendast til sogndal@sogndal.fhs.no innan 05. mars 2021