Lærar friluftsliv 100 % vikar stilling
Vi har ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv Noreg» for skuleåret 2020-21. Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.
Vi søkjer etter engasjerte personar som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.
Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår www.sogndal.fhs.no.
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.
Send søknaden med CV til:
Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist 26.04.2020