Ledige stillingar ved Sogndal folkehøgskule

Vi har ledige stillingar hos oss frå august 2017:

  • Avdelingsleiar/ internatleiar 100 % fast stilling

  • Friluftslivlærar 100 % fast stilling

  • Friluftslivlærar 70-90 % midlertidig stilling

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 90 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap

 

Avdelingsleiar 100 % fast stilling.

Stillingsomtale

Som avdelingsleiar/internatleiar får du personalansvar for tilsette ved kjøkken og reinhald. Vidare får du ansvar for opplæring av elevane i kjøkkenteneste, opplæring og oppfølging av elevane i reinhald ved internata o.l. Avdelingsleiar er tett på elevane og skal vere ein dei kan komme til med større og mindre utfordringar - som heimlengt, sjukdom, kjærleikssorg eller anna som kan komme på. Du får også ansvar for administrasjon av sommardrift og utleigeverksemd, dette saman med kontorleiar.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Leiar for kjøkken og reinhald

  • Organisere elevoppgåver i internat og fellesområde

  • Vaksenkontakt/samtalepartnar for elevane

  • Bindledd til helsetenesta

  • Utleige/sommardrift

Ønskja kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med ungdom

  • Fagbrev kokk/ lærar/ sosinom/ vernepleiar eller anna relevant utdanning

  • Tillitsvekkande, engasjert og sjølvstendig

Personlege eigenskapar og erfaring vil bli tillagt stor vekt.

Det vil vere noko arbeid på kveld og helg. Løn og arbeidsvillkår etter avtale og kvalifikasjonar i tråd med skulen sin tariffavtale med Virke. Gode pensjons- og forskringsordningar. For meir informasjon om skulen, sjå her på heimesida vår.

Arbeidet i stillinga startar opp 15. august 2017. Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist onsdag 3. mai 2017.

 

Lærar friluftsliv 100 % fast stilling

Vi har ei ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

 

Lærar friluftsliv 70-90 % mellombels stilling for skuleåret 2017/18

Vi har ledig stilling som lærar på linja «Friluftsliv». Vi ønskjer ein person med undervisningskompetanse og erfaring frå friluftsliv i ulike miljø.

 

Vi søkjer etter engasjerte personar som brenn for fagfeltet sitt. Det blir lagt vekt på at du har andre fagfelt som kan brukast i val- og fellesfag. Kunnskap og interesse for musikk er ein viktig miljøfaktor på skulen, og vil styrke søknaden. Du må vere glad i å vere saman med elevar, og å leggje til rette for læring og gode opplevingar på skulen og på turar. Målet er å gi elevane eit best mogeleg år på Sogndal folkehøgskule.

Sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillingane; mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg, og på ulike kvelds- og helgearrangement. Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå her på heimesida vår.

Arbeidet i begge stillingane startar opp 1. august 2017. Har du spørsmål om stillingane? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland, tlf. 950 32 287.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist onsdag 3. mai 2017.

Previous
Previous

USA Studietur - Friluftsliv

Next
Next

Studieturene er igang!