Ledig stilling som kokk/ kjøkkenmedarbeider i 70-100%

Sogndal folkehøgskule har ledig vikariat som kokk/ kjøkkenmedarbeider i 70-100% 

Sogndal folkehøgskule vil styrke fokus på berekraftig, økologisk og kortreist mat. Me har om lag 100 elevar som skal ha mat kvar dag. No søkjer vi DEG som engasjert medarbeidar på laget!

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 100 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Sykkel og ski, FotoDesign, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.

Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak matlaging. Det følgjer også med oppvask etter måltid og noko reinhald av skulebygningar.

Det er ynskjeleg med fagbrev kokk, men relevant arbeidserfaring vert også vektlagt. Vidare må du vera fleksibel, nøyaktig og god til å samarbeida.

Løn etter tariffavtale. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse.

Stillinga er ledig fom. 11. September 2017 tom. 1. Mai 2018, med høve for forlenging.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Renate Vik Vatlestad tlf 958 36 613.

Send søknaden med CV til:

Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

 Søknadsfrist torsdag 24. august 2017.

Previous
Previous

Kan du anbefale Sogndal FHS?