Ledig stilling

Utlysing: Inspektør ved Sogndal folkehøgskule

Om skulen

Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Skulen ligg i hjartet av den vakraste naturen Vestlandet har å by på. Alle linjene våre nyttar både fjell og fjord aktivt i undervisninga.

Målet vårt er å leggje til rette for fagleg og personleg utvikling hjå elevane, slik at dei betre kan ta ansvar for seg sjølve, for samfunnet og for miljøet. Sogndal folkehøgskule skal vere ein føregangsskule innan berekraft.

Stillinga

Vi søkjer ein engasjert og tydeleg inspektør med god pedagogisk og administrativ erfaring. Stillinga inneber tett samarbeid med rektor og leiinga, og er sentral i utviklinga av det pedagogiske tilbodet ved skulen og det sosiale læringsmiljøet.

Stillinga er 100 %, med start 1. august 2026.
Stillinga er delt mellom leiing/ administrasjon og undervisning etter behov og kompetansen du har.

Arbeidsoppgåver

Som inspektør vil du mellom anna ha ansvar for:

  • Pedagogisk leiing, inkludert planlegging og oppfølging av undervisning og elevar.

  • Personaloppfølging, rettleiing og samarbeid med undervisningspersonalet.

  • Aktiv deltaking i skuleutvikling og kvalitetssikring av det pedagogiske arbeidet.

  • Å vere stedfortredar for rektor ved behov og inngå i skulen si leiargruppe.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • Relevant høgare utdanning, helst pedagogisk utdanning eller relevant leiarutdanning.

  • Erfaring frå undervisning og/eller administrativt arbeid i skulesektoren, gjerne med leiarerfaring.

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til samarbeid og utvikling.

  • Evne til å arbeide strukturert, løysingsorientert og med høg grad av ansvar.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull leiarstilling i ein positiv og utviklingsorientert skule.

  • Eit engasjert personalteam og dedikerte elevar.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

  • Lønn etter avtale.


Noko sosialpedagogisk arbeid er integrert i stillinga, mellom anna som tilsynsvakt kveld/helg og ved ulike kvelds- og helgearrangement.

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale for tilsette i folkehøgskulen. For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår: www.sogndal.fhs.no.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt rektor Ole Karsten Birkeland på tlf. 57627575.

Send søknad med CV (i PDF-format) på e-post til olekarsten@sogndal.fhs.no.

Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 22.03.2026

Next
Next

En dag på folkehøgskole - 2026