Friluftsliv
Studietur
Studietur er interrail med fjelltur i Europa og kajakk i Middelhavet.
Drøymer du om eit variert år ute i det fri? Vil du teste grensene dine og prøve nye ting?
Då er dette linja for deg. På Friluftsliv får du nyte vakker utsikt med gode venner, padle kajakk, gå på isbre og lage mat på bål.
Linjelærar
Ei linje med uendelege moglegheiter
Utforsk det våte element
Hausten byr på uendelege moglegheiter og startar gjerne med at me tek våtkortet i kajakk. Me pakkar teltet og reiser på kajakktur på våre vakre fjordar, omkransa av høge fjell. Så pakkar me storsekken og dreg til fjells med både toppar og fiske i sikte. Deretter er det tid for å ta på stegjern og oppleve alt det kule ein isbre kan gje oss! Etterkvart blir du så god på tur at du og nokre medelevar reiser på tur aleine. Når dagane blir kortare er det fint å bruke tida på bålkos, surfing i Hoddevika og klatring.
Sov i snøhole og besøk ei blåisgrotte
Når snøen kjem sigande er det på tide å ta fram fjellski. Me reiser på toppturer, lærer oss telemarksvingar og dreg på lengre turar med overnatting ute i den kalde årstida. Frykt ikkje kulden, den skal me saman lære å håndtere. Ellers byr vinteren på fleire kjekke aktivitetar, som overnatting i snøhole, utforsking av blåisgrotter, hundekøyring og til å sikre oss kunnskap om skred.
Kjenn gleda av å klatre ute
Når varmen frå vårsola kjem, er det fint å teste klatring ute. Me søv under open himmel, går fjellturar ute ved kysten og testar oss sjølv med eit solodøgn aleine i det fri!
Aktivitetene på linja er varierte, med enkelte tema som blir med oss gjennom heile året.
Me skal bli gode på
telt og leirliv i alle årstider
kart og kompass
meistring av å klare seg ute året rundt
Men det beste av alt er kanskje at me skal dele alle opplevingane saman med andre som også likar friluftsliv!
Eit år i Sogndal sett spor.
Menneska. Naturen. Opplevingane.
Send din søknad til Sogndal folkehøgskule no
Studietur Friluftsliv
På hausten set me oss på toget og tek turen sørover i Europa!
Me reiser til Kroatia kor me skal bu på ulike fjellhytter og bestige ein eller fleire toppar! Når me kjem ned att er det på tide å teste det våte element. Me byrjar med ein raftingdag, før me set kursen mot Middelhavet.
Ein padletur du seint vil gløyme
Her pakkar me telt og det me treng for å padle fleire dagar på tur. Me skal padle langs nydelege strender, landsbyer og eit krystallklart vatn. I tillegg til all aktivitet vil me oppleve ein annleis fjell -og kajakkultur enn me er vandt med, og smake på deilege lokale matrettar.
Utstyrsliste
-
Til eit aktivt år med friluftsliv i utfordrande vestlandsnatur treng du sjølvsagt ein del utstyr. Oversikta nedanfor dekker det du skal ha av personleg utstyr, samt linjekostnadar for året.
Dersom du må skaffe deg noko nytt utstyr kan du gjerne vente til du kjem hit. Me kan gje råd om ulike kvalitetar og prisar, og skulen har gode rabattavtalar med ein lokal forhandlar. I nokon grad kan du sy ditt eige utstyr på skulen. Hugs elles at gamalt godt utstyr oftast gjer same nytte som siste modell, så leit på loftet eller 'lån' av dei næraste!
-
Ryggsekk, minst 70 l. Må vere tilpassa deg (rygglengde, hoftebelte)
Dagstursekk, 30-40 l.
Sovepose
Liggeunderlag (min. 14mm tjukt)
Vind- og vanntett jakke
Vind- og vanntett bukse
Turbukse
Gamasjer
Fjellsko med høg ankel
Hua
Buff / skjerf
Tjukk ullgenser
Dunjakke
2 sett ullundertøy
Ullvottar
Vindvottar
Tallerken og bestikk til å ha med på tur
Hovedlykt
Solbriller
Kartmappe
Kompass (360grader)
Skrivesaker
Termos
Sykkel til undervisning og fritid
Førstehjelpsutstyr (minimum sportstape, gnagsårplaster, plaster og smertestilllande paracet/ibux)
-
Sovepose (komforttemp. -15º). Må ha ein enkel sovepose når du kjem, me drar rett på tur!
Fjellski med stålkantar
Skistøvlar for høgfjellsbruk
Skistavar
Snøspade
Søkestang
Skifeller (langfeller)
Slalombriller
Fotposar
Drikkeflaske som tåler kokande vatten (Eks. Nalgeneflaske)